I ei pressemelding frå Island Offshore går det fram at subsea support- og konstruksjonsfartøyet Island Pride er tildelt ei kontrakt på sju år med Ocean Infinity. Ifølgje pressemeldinga har selskapet sikra seg fartøyet til bruk som base og støttefartøy i innhenting og analyse av data frå autonome undervassfarkostar.

”Ocean Infinity er eit relativt nystarta selskap, skipa i 2017, men er allereie i fremste rekkje når det gjeld avansert datainnhenting under havflata. Med si nyskapande og kosteffektive tilnærming til subseadata, er dei aktuelle leverandørar til alle som har behov for å lære meir om havet, og miljøet på havbotnen, enten dei er militære, myndigheiter eller kommersielle aktørar”, skriv Island Offshore i pressemeldinga.

– Denne kontrakten er ei stadfesting av tiltrua dei har til fartøyet, til mannskapet vårt og den langsiktige stabiliteten til reiarlaget. Vi ser fram til å fylgje Ocean Infinity på vegen mot stadig nye teknologiske grensesprengingar, og synest det er svært gjævt at dei har valt oss til å hjelpe dei å nå desse måla, seier administrerande direktør Håvard Ulstein i Island Offshore Management.

Island Offshore har siste månaden også tatt levering av, og sikra arbeid for Island Diligence. Båten skal utføre walk-to-work arbeid for ein ikkje namngitt kunde frå 1. august, og i seks veker framover, pluss opsjon på seks veker til. I tillegg har Equinor sikra seg Island Victory neste år for ankerhandtering og installasjonsarbeid på Njordfeltet. Island Victory er for tida under bygging i Braila, og skal slepast til Vard Brevik for ferdigstilling i haust. Levering på forsommaren neste år.

Kontraktane har ein samla verdi på over 500 millionar kroner, skriv Island Offshore i pressemeldinga.