Partane hadde frist til midnatt måndag med å komme fram til ei løysing, men vart ikkje einige, skriv Sysla.

– Ein er no i gang med sikring av operasjonar og nedlegging av arbeidet, seier Safe-leiar Hilde-Marit Rysst til nettstaden.

Truleg vil fleire installasjonar bli meir eller mindre stengde som følgje av streiken.

I første omgang er 669 arbeidarar på ni installasjonar tatt ut i streik. Samtidig varslar Safe, ifølgje Sysla, at ytterlegare 901 medlemmer kan takast ut ved midnatt søndag om det ikkje er blitt semje.

Kjerna i striden er at Safe meiner Rederiforbundet vil svekkje ei gåvepensjonsordning riggarbeidarane har i dag.

– Vi kunne ikkje møte Safes krav til meklinga. Krava, når ein samanliknar dei med reguleringar for andre yrkesgrupper i næringa og samfunnet elles, er fullstendig urimelege. Safe-leiingas handtering av forhandlinga står fram direkte uansvarleg, seier forhandlingsleiar for Rederiforbundet Jakob Korsgaard, administrerande direktør i Maersk Drilling Noreg.

Han understrekar at konsekvensen av at mekling ikkje førte fram, er at næringa vert sendt ut i ein øydeleggjande konflikt til enorm skade for renommé, økonomi og arbeidsplassar.