Saka er henta frå smp.no

Ved kaia utfor dokkhallen til Ulstein verft ligg luksusyachten som er under utrustning og snart skal vidare for siste finish i Tyskland.  No er namnet «Olivia O» kome på skutesida.

Sjølv om den ikkje er heilt ferdig, er yachten allereie eit imponerande skue. Det nær 90 meter og drygt 16 meter breie fartøyet vert den første yachten frå Ulstein.

Skipet vart dokka ut tidlegare i juli etter å ha vore til utrusting dei siste månadene. Ifølgje Ulstein Group skal det liggje i Ulsteinvik til august.

Konsernsjef Gunvor Ulstein har ikkje lagt skjul på at det har vore ein utfordrande jobb.

Ukjend kjøpar

Kven som snart får fornøyelsen med  segle på ekspedisjonar med yachten er ikkje kjend, utover at det er ein privatperson som spesielt ønskja baugdesignen X-bow. Etter eigarens ønskje kan heller ikkje Ulstein Group seie noko meir om kjøparen.

Difor har det også vore strenge retningslinjer ved verftet om ikkje å ta bilde av fartøyet.

Ifølgje Norsk Skipsfartsforum skal fartøyet vere registrert på eit selskap ved namn Devonport Marine med adresse på Dei britiske jomfruøyer.

Samarbeid med Øino

Den «marine plattforma» og skroglinjene er utvikla av Ulstein Design & Solutions. Medan eksteriørdesign og andre teikningar, skal leverast av den anerkjende yacht-designaren Espen Øino.

Den anerkjende norske yachtdesignaren er kjend for å teikne båtar for verdas rikaste, og har óg samarbeida med Rolls-Royce med dei nye hurtigruteskipa som er under bygging ved Kleven.