Fartøyet av designen UT 851 PRV (Polar Research Vessel) frå Rolls-Royce har ein prislapp på 200 millionar britiske pund, eller 2,147 milliardar kroner (16. juli - Norges Bank).

Skipet blei sjøsett etter ein seremoni der den ikoniske BBC-programleiaren det er kalla opp att etter, Sir David Attenborough, heldt tale. Attenborough trykte også på knappen som sette i gong sjølve sjøsetjinga. Det skriv Marinelink.com.

Rolls-Royce Marine signerte i mai 2016 ein kontrakt til ein verdi av 30 millionar britiske pund for design og utstyr til forskingsfartøyet, som når det er heilt ferdig skal eigast av Natural Environment Research Council (NERC) i Storbritannia. Det 128 meter lange fartøyet byggjast av verftet Cammel Laird i England, og vil bli brukt til havforsking i både Antarktis og Arktis, i tillegg til å transportere forsyningar til basar i Antarktis. Planlagt levering frå verftet er i 2019. Noko av utstyret og designen blir levert frå Rolls-Royce Marine sine lokasjonar i høvesvis Ulsteinvik og Hjørungavåg.

I kravspesifikasjonen ligg mellom anna Polar Code 4 isklasse, kapasitet til å vere sjølvforsynt med drivstoff og forsyningar på reiser opp til 19.000 nautiske mil, plass til opptil 90 personar om bord, stor lastekapasitet og hangar for helikopter. Om bord vil det også vere fleire avanserte forskingslaboratorie.

Frå Boaty McBoatface til Attenborough

Kva namn fartøyet skulle få var lenge ein internasjonal "snakkis" - for forslaget "Boaty McBoatface" enda til slutt opp med å bli stemt fram som nummer éin i namnekonkurransen til NERC. Det var tidlegare BBC Radio Jersey-medarbeidar James Hand som føreslo det artige namnet.

Men sjølv om namnet kom ut som vinnaren i namnekonkurransen, sette til slutt Minister for Universities and Science, Jo Johnson, foten ned. Han meinte skipet heller skulle få det meir passande namnet RSS Sir David Attenborough. Likevel blei ikkje det artige namnet gløymt, for hovudubåten om bord på skipet vil få namnet Boaty McBoatface.

Sir David Attenborough heldt ein tale og trykte på knappen som sette i gong sjøsetjinga av forskingsskipet som er kalla opp etter han. Foto: Peter Byrne/PA Photos.