(NPK): Frå torsken kjem i land til den når eksportmarknadane, veks torskemengda med 35.000 tonn i snitt kvart år, skriv Fiskeribladet. Det viser tal frå tidsskriftet Norsk Fiskerinæring , som har avdekt at det er ein manko på nær 400.000 tonn torsk i åra 2007 til 2017.

Tidsskriftet har samanlikna tal for registrerte landingar av norske fiskebåtar og import av torsk til Noreg, med kva som er eksportert og brukt av torsk i Noreg.

Fiskeridirektøren Liv Holmefjord forklarer avviket med at utanriksstatistikken byggjer på eigendeklarerte vektanslag frå eksportørane. Ei anna forklaring er omrekningsfaktorar. Det kjøper ikkje Steinar Eliassen i fiskeriselskapet Norfra.

– Det er ikkje der jukset skjer. Jukset skjer før varene skal deklarerast, seier han til Fiskeribladet.

Eliassen etterlyser betre kontrollrutinar og viser til at medan fiskesalslaga får innrapportert kvantumet sekund etter at fiskekjøparane og fiskarane skriv under sluttsetlane, er det ikkje noko slik dokumentasjon på mengda som går ut av fiskeribedriftene.