Treårskontrakt for Havila Harmony

Med opsjon på to nye eittårsperiodar.

Havila Shipping har sikra seg arbeid for Havila Harmony dei tre komande åra.   Foto: Havila Group

Næringsliv

Havila Shipping og Reach Subsea har gått inn i ein avtale med varigheit på tre år for subsea-fartøyet Havila Harmony. Det går fram i ei børsmelding frå Havila Shipping. I tillegg har Reach Subsea sikra seg ein opsjon for vidare leige av fartøyet i to periodar på eitt år.

Ifølgje Havila Shipping er fartøyet no på veg til Las Palmas, der det skal gjennomførast planlagt vedlikehald og klargjering før første kontrakt.