Resultatet før skatt enda i 2017 på minus 77 millionar kroner, mot minus 27 millionar året før. Dei siste trå åra har verftet hatt eit driftsresultat på minus 131 millionar kroner.

Men no ser styret lysning, ifølgje avisa. Mellom anna har eigarane skote inn 30 millionar kroner i ny eigenkapital, det er tatt opp eit nytt langsiktig lån på 10 millionar kroner, og byggjelånsramma er auka.

Verftet har så langt i år ferdigstilt ein slaktebåt og tre trålarar og skal i november levere to ferjer til Namsos Sjø. Men deretter har ikkje verftet fleire nybyggingsoppdrag.

Myklebust Verft vart skilt ut frå Kleven-konsernet i samband med at Hurtigruten-aksjonærane i vår overtok eigarskapen i Kleven-verftet i Ulsteinvik. Eineeigar i Myklebust-verftet er no Kleven Maritime Invest.