– Det er absolutt ikkje til å stikke under ein stol at det ikkje har gått så veldig bra for oss desse åra. No må vi gjere alt vi kan for å få levert båtane vi har på ordrelista, og helst sørgje for at dei blir lønsame for oss. Det er målsetjinga. Det er avgjerande å få dei levert, spesielt på tid. Eg trur nok alle Kleven Verft-tilsette, frå topp til botn, er einige i det, seier Hjelmeseth.

– Må stole på styret

Fellesferien er over for dei fleste, og berre nokre få av produksjonsarbeidarane er framleis på ferie. Therese Hjelmeseth kom sjølv tilbake frå ferie denne veka, og vedgår at ho ikkje har fått sett seg nok inn i kven det nye styret består av, men at ho har høyrt mykje positivt om styreleiaren.

– No må vi berre stole på at eigarane og styret veit kva dei gjer. Men eg har trua, seier ho.

I eit intervju med næringslivsportalen Nett.no kunne ikkje den nye styreleiaren love at det ikkje ville bli endringar i dagens arbeidsstokk.

Akkurat det uroar ikkje hovudtillitsvald Hjelmeseth så mykje på noverande tidspunkt.

– Vi har ikkje fått nokon indikasjonar per dags dato på at det vil bli reduksjon i arbeidsstokken, og så langt har omstruktureringa blitt gjort på leiings- og administrasjonsnivå. Det har med andre ord hatt lite påverknad på oss produksjonstilsette, seier Therese Hjelmeseth.

Viktig fram mot levering

Som fortel at tida fram mot leveringa av fyrste ekspedisjonsskipet til Hurtigruten blir svært viktig for dei tilsette og for heile verftet.

– Dei aller fleste har jo visst lenge korleis stoda har vore. Vi må bevise at vi klarer å levere det vi allereie har i ordreboka. Det er rett og slett noko vi må gjere. Men så er eg ikkje så pessimistisk av meg – eg trur og håper at det vil gå bra, seier Hjelmeseth avslutningsvis.