Eigenkapitalavkastinga til Sparebanken Møre blei til slutt på 12,3 prosent i andre kvartal, og 11,2 prosent totalt sett for det første halvåret av 2018. – Andre kvartal blei nok eit godt kvartal for Sparebanken Møre og vi leverer eit sterkt resultat for første halvår. Vi er i positiv utvikling og opplever god vekst, auka inntekter og låge tap. Tala viser også at fokuset vårt på kostnadseffektivitet gir gode resultat, seier administrerande direktør Trond Lars Nydal, i ei pressemelding frå banken.

Resultatet etter skatt er på 315 millionar kroner i første halvår, ein auke på 20 prosent i høve same perioden i fjor.Låge tap

Sparebanken Møre viser også til eit lågt tapsnivå over tid. Banken hadde ein netto inngang på tap på 5 millionar kroner i andre kvartal, og banken forventar også eit lågt tapsnivå for resten av 2018. – Vi driv lønsamt og effektivt i ei tid som er prega av utvikling og omstilling. Vi investerer i både teknologi og kompetanse, og medarbeidarane våre viser ein imponerande endringsvilje og -evne, seier Nydal. Utlån aukarUtlån til kundar har ifølgje banken auka med fem prosent dei siste 12 månadane, og ved utgangen av andre kvartal var totale utlån på heile 58,9 milliardar kroner. – Vi opplever pågang frå kundar og veks videre, både i person- og næringslivsmarknaden, seier Trond Lars Nydal.