(NPK-NTB): – Utsiktene og risikobildet synest ikkje vesentleg endra sidan førre pengepolitiske rapport, seier sentralbanksjef Øystein Olsen i ei pressemelding.

I Pengepolitisk rapport 21. juni var vurderinga til Norges Banks hovudstyre at den økonomiske oppgangen fortset, og at kapasitetsutnyttinga i norsk økonomi er nær eit normalt nivå.

– Den underliggjande prisveksten var lågare enn inflasjonsmålet, men høgare kapasitetsutnytting tilsa at lønns- og prisveksten etter kvart ville auke. Hovudstyrets vurdering av utsiktene og risikobildet tilsa at styringsrenta mest sannsynleg ville bli sett opp i september i år, skriv banken torsdag.

– Etter hovudstyrets vurdering ser oppgangen i norsk økonomi ut til å fortsette om lag i tråd med bildet som vart presentert i juni. Den underliggjande prisveksten er lågare enn inflasjonsmålet, men drivkreftene tilseier at den etter kvart vil auke, heiter det.