Ulstein Design & Solutions:

Lanserer serie med fisketrålarar

Ulstein har samarbeidd tett med reiarlaget Nordic Wildfish for å utvikle ein serie med framtidsretta fisketrålardesign.

Slik ser Ulstein Design & Solutions føre seg at ein fisketrålar kan sjå ut, med deira unike X-Bow design.  Foto: Ulstein Group.

Næringsliv

Ulstein Design & Solutions kan som følgje av eit samarbeid med Nordic Wildfish no lansere ein ny serie med fisketrålarar - med framtidsretta skipsløysingar for meir berekraftig framdrift, fangst og prosessering. Det skriv Ulstein Group i ei pressemelding torsdag morgon.

Dette vil Ulstein gjere ved å overføre kunnskap, erfaring og innovasjonskraft frå offshore til fiskeri. Målet er ei meir skånsam handtering av fisken og miljøsparande skipsløysingar.

Nordic Wildfish blei som Ulstein etablert i 1917, og er det siste av ei lang rekkje selskap Ulstein Group har samarbeidd med for å utvikle nye, innovative løysingar og skipsdesign. Den nye fisketrålarserien er ifølgje Ulstein ei resultat av erfaringar frå omfattande feltstudiar og avanserte analysar.

Unike design

Ulstein har til dømes implementert si ikoniske baugform X-Bow på dei nye trålarane. Med dette blir den tradisjonelle utforminga på trålfartøy endra på, og det blir ifølgje aktørane opna for betre plassering av mannskap, fabrikk og last.

- Nordic Wildfish har solid erfaring med trålfiske og utprøving av nye metodar for fiskeri og marknad. Vi har begge tradisjon for å tenke nytt og utfordre det eksisterande. Gjennom dette prosjektet har vi saman utvikla betre og meir framtidsretta løysingar for kvalitet og berekraft i trålfiske, fortel Tore Ulstein, COO i Ulstein Design & Solutions og styreleiar i Ulstein Group.

- Vi er ferd med å realisere visjonane og løysningane vi har jobba målretta med under arbeidsnamnet EcoFive® (Eco-friendly fishing vessel). Ulstein sin trålarserie vil vere tilrettelagt for å implementere løysningar for skånsam fangst, effektiv prosessering og hydrolysering av ferske restråstoff. Dette vil gje betydeleg auka berekraft i trålfiske, med betre kvalitet, høgare effektivitet, meir inntening og mindre miljøavtrykk, seier CEO i Nordic Wildfish, Tore Roaldsnes.

Skipa i serien vil også ha eit effektivt hybridanlegg som kan kombinere batteri med dieselelektrisk og dieselmekanisk framdrift.

- Dette vil gjere fartøya svært drivstoffgjerrige, og meir stillegåande, slik at dei vil tilfredsstille krava i DNV-GL sin SILENT-notasjon. Skrogforma X-Bow aukar lastkapasitet, operabilitet, minskar bevegelsar og reduserer dermed slitasje på skrog og utstyr, samt at den reduserer forbruk av drivstoff, skriv Ulstein i pressemeldinga.