Ulsteinvik-selskap sikra avtale med Equinor:

Skal lage fornybar energi av oljebrønn-bakteriar

Selskapet Hyperthermics skal få mikroorganismane som laga olje av dinosaurar og plantar for mange millionar år sidan til å ete avfall - og forvandle det til grøn energi.

Dette er gjengen som har sikra seg ein avtale med Equinor. Dei har utvikla ein heilt ny teknologi der mikroorganismar frå oljebransjen lagar grøn energi av vanleg avfall.   Foto: Per Eide.

Levande mikroorganismar, henta opp frå djupet av Equinor sine oljebrønnar gjennom mange år, skal no brukast til å lage grøn energi.   Foto: Equinor.

Næringsliv

- Avtalen med Equinor gir oss tilgang til ei stor og variert samling av levande organismar. Dermed blir det lettare for oss å finne den mest optimale kombinasjonen av bakteriar til å forvandle ulike typar biomasse til rein og fornybar energi, seier Harald Nordal, dagleg leiar i Hyperthermics.

Gjennom ein avtale med giganten Equinor (tidlegare Statoil) frå altså Ulsteinvik-baserte Hyperthermics tilgang til heilt unike bakteriar som er henta frå oljefelt og oljerelaterte område. Dei levande mikroorganismane, som var med på danninga av olje for 200 millionar år sidan, skal no nyttast i ein heilt ny teknologi - som lagar grøn energi av vanleg avfall. Hyperthermics får no tilgang til tusenvis av ulike mikroorganismar som Equinor har henta opp frå sine område verda over. Den unike bakteriesamlinga har vore ein del av eit stort forskingsprosjekt for å auke utvinningsgraden av olje. Ulsteinvik-selskapet skal nytte dei innsamla prøvene til å produsere rein biogass frå avfall.

Som det første selskapet i verda skal Hyperthermics bruke levande organismar som toler høge temperaturar til å lage fornybar energi i form av nettopp biogass. Og fordi temperaturane er høgare, går prosessen mykje raskare. Ikkje dagar, men timar vil prosessen ta, og ein får meir biogass som resultat.

- Mikroorganismar, særleg frå havbotnen og oljereservoar er eit lite utforska område. På éin såkalla undersjøisk pipe er det anslått å vere like mange individ som i regnskogen. Det er klart at her kan det oppdagast mykje spanande. At vi no får tilgang på materialet som Equinor har henta ut mange kilometer inne i jordskorpa frå sine oljebrønnar, er eit enormt viktig bidrag til produksjonen av grønare energi, seier Nordal.