Nytt oppdrag for Island Innovator:

Til Barentshavet

Riggen som er eigd mellom anna av Island Offshore, skal bore ein undersøkingsbrønn nordvest for Hammerfest og nord for Johan Castberg.

Riggen Island Innovator, delvis eigd av Ulsteinvik-baserte Island Offshore, skal til Barentshavet på oppdrag.  Foto: Arkiv.

Næringsliv

Eksakst 350 kilometer nordvest for Hammerfest, og 140 kilometer nord for Johan Castberg skal riggen bore, ifølgje Sysla.no.

Det var Oljedirektoratet som torsdag melde at dei har gitt DEA Norge løyve til å bore ein brønn, og det er altså riggen Island Innovator som har fått oppdraget. Riggen har nyleg bora ein undersøkingsbrønn for Spirit Energy Norge.

Aker BP og Wintershall eig området saman med nemnde DEA Norge.