Kåra til årets REMA 1000-butikk

- Tusen takk til familien og laget heime i Ulsteinvik, seier Jonny Mork

Årets butikk REMA 1000 Ulsteinvik vart laurdag kåra til Årets Butikk under REMA 1000 si årlege landssamling. Butikksjef Jonny Mork mottek gratulasjonar frå Jan Frode Johansen, administrerande direktør i REMA Franchise (t.v.) og administrerande direktør i REMA 1000, Ole Robert Reitan. 

Næringsliv

Laurdagskvelden vart REMA 1000 Ulsteinvik kåra til Årets Butikk 2017. Det skjedde under butikkjeda si årlege landssamling, eller Riksmøte som dei sjølv vel å kalle det, der alle kjøpmenn i REMA 1000 samlast saman med støtteapparatet sitt. I år gjekk dette føre seg på Gardermoen.

Det melder REMA 1000 i ei pressemelding.

- Årets vinnar har levert gode resultat og har ei eiga evne til motivere dei tilsette til å gi det vesle ekstra til kundane. Det er berre å ta av seg hatten og hylle Jonny som den fantastiske dyktige kjøpmannen han er, seier Jan Frode Johansen, administrerande direktør i REMA Franchise.

Det var en rørt og stolt Jonny Mork som entra scenen laurdag kveld, til ståande applaus frå sine kjøpmannskollegaer og resten av REMA 1000. Her fekk han blomar og pris frå Colonialmajor Odd Reitan.

- Dette er så stort. Eg er veldig takksam. Tusen takk til familien heime og laget i Ulsteinvik, dette er heilt fantastisk, sa Mork.

Jonny har vore kjøpmann i over 21 år, og har drive butikken i Ulsteinvik sidan 2007.