Uptime International:

Skal bygge passasje til Ulstein-bygg

Avaldsnes-firma leverer utstyr til det tredje vindmølleskipet Ulstein Verft skal byggje for tysk reiarlag.

Ulstein verft skal bygge eit serviceoperasjonsskiip for Bernard Schulte. Skipet skal leverast i 2020.   Foto: Ulstein Group.

Næringsliv

Ulstein Verft skal som kjent byggje eit tredje skip for det tyske reiarlaget Bernhard Schulte, som skal leverast i 2020.

Tysdag skriv Avaldsnes-baserte Uptime International i ei pressemelding at dei skal levere ein passasje til det nye serviceoperasjonsskipet til vindmøllenæringa.

– Vår nyleg utvikla autonome 30 meter lange passasje har nye trekk som automatisk landing, kranfunksjon og mykje meir. Denne passasjen vil endre næringa ved å blant anna auke tryggleiken og brukarvenlegheita til ein lågare pris, skriv direktør Bjørnar Huse i pressemeldinga.

Planen er at skipet som Ulstein Verft skal byggje skal nyttast til vedlikehald på vindfarmar.