Sparebanken Møre meiner situasjonen har snudd – opplever solid resultatvekst:

– Avgjerande med tett kontakt

Første halvår i år hadde banken ein resultatauke på 20 prosent i høve same perioden i fjor. – Dette er svært gode tal, og det er viktig for lokalsamfunna våre, seier Ellen Kvalsund og Melinda Skeide, banksjefane i høvesvis Ulsteinvik og Hareid.

Godt nøgd gjeng Kjell Jan Brudevoll, banksjef næringsliv på Søre Sunnmøre, Melinda Skeide og Ellen Kvalsund, banksjef i Sparebanken Møre for høvesvis Hareid og Ulstein, ser positivt på situasjonen i regionen framover.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Tidlegare denne veka møtte Vikebladet Vestposten Kvalsund og Skeide, i tillegg til Kjell Jan Brudevoll, banksjef næringsliv på Søre Sunnmøre, i lokala til Sparebanken Møre i Ulsteinvik.