Ekspanderer:

Hasund AS seglar i medvind

Rekneskapskontoret i Ulsteinvik har tatt over rekneskapstenestene til Bedriftsrådgiveren AS i Ålesund - noko som gir Hasund fleire tilsette og kundar, og ein ny, spanande marknad.

Frå venstre ser ein Helge Rogne, Asbjørn Hasund og dei tilsette i Ålesund; Bente Paulsen, Kari Lunde, Frank Fiskerstrand og Nina Myrvang.  Foto: Hasund AS.

Næringsliv

I over 20 år har dagleg leiar Asbjørn Hasund drive verksemda. Han starta det heilt åleine, men har jamleg auka både kundemasse og tilsette.

– Dette er veldig bra for oss, og vi er glade for å no kunne tilby våre tenester både i Ulsteinvik og Ålesund. Med desse to avdelingane tel vi i dag heile 21 tilsette, og er stolte over å kunne vere eit av dei største økonomikontora på Sunnmøre, fortel Hasund i ei pressemelding frå rekneskapskontoret.

Hasund har tatt over kontorlokala til Bedriftsrådgiveren, sentralt plassert midt i Ålesund sentrum. Dette er ei verksemdsoverdraging, der fire tilsette, samt kundane følgjer med.

– Helge Rogne har utvikla Bedriftsrådgiveren i over 30 år, og etablert ein solid profil med ein kundemasse som passar vår utviklingsplan, seier Asbjørn Hasund og legg til:

– I overtakinga har det samtidig vore ein styrke å få med seg dyktige og lojale tilsette. Desse kjenner marknaden i og rundt Ålesund godt, og har brei erfaring og kunnskap for å kunne betene solide og krevjande kundar.

Kjennskap og nærleik til kunden
Det å ha nærleik til kunden har alltid vore viktig for Hasund AS.

Lokalkunnskap og kjennskap til næringane som formar samfunnet på Sunnmøre er ei leiesnor for rekneskapsbyrået, står det skrive i meldinga.

Med hovudkontor på Borgstein, er det naturleg at Hasund har ei overvekt av maritime kundar i sin portefølje.

– Ja, vi er heldige som får hjelpe store og små kundar i denne marknaden. Vi har stadig tilsig av nye kundar, med lite forfall, og meiner det er eit resultat av at vi dagleg jobbar for å ha fornøgde kundar, som har tillit til den jobben vi gjer. Men dei siste par åra har vore krevjande, også for Hasund. Det er godt å sjå at 2018 ser lysare ut både for oss og kundane våre, fortel dagleg leiar Asbjørn Hasund.

– Veldig kjekt er det også å få overta kontoret i Ålesund med tilhøyrande nye kundar i ei ny spanande næring for oss; fiskeri. Eit av hovudområda for Bedriftsrådgiveren har vore å tilby tenester til fiskebåtar og anna fiskerelatert næring. Fisk gjer det veldig bra, så dette gler eg meg til å lære meir om, seier Asbjørn ivrig.

Og som gler seg over vidare vekst for selskapet.

– Ja, dette er spanande. Fram til no har vi lagt ned eit særs godt grunnlag for framtida til byrået, auka vekst og nye arbeidsplassar i både Ulsteinvik og Ålesund. Til saman har vi ein solid kompetanse om dei fleste næringar på Sunnmøre, frå store internasjonale reiarlag og konsern til små mikrobedrifter. Vi er stolte over det vi har fått til, og ser positivt på framtida, avsluttar Asbjørn med eit smil.