Brimer går saman med ServiTech

Kvamsøy-verksemda slår seg saman med Sjøholt-baserte ServiTech i eit nytt felles selskap, ENTEC Group AS.

Kvamsøy-verksemda Brimer (bildet) slår seg saman med ServiTech og blir til ENTEC Group AS.  Foto: Arkiv.

Næringsliv

Det fortel konsernsjefen i ENTEC Group AS, Håvard Haanes, i ei pressemelding måndag.

ENTEC blir ein betydeleg aktør innan vass- og avlaupshandsaming, tanksystem og maritime røyrinstallasjonar, skriv konsernet vidare.

Morselskapet vil eige 100 prosent av aksjane i både Brimer AS og ServiTech AS som følgje av samanslåinga.

Konsernsjefen fortel at ein ønskjer å ta ansvar for ein større del av prosjekta til kundane enn det selskapa per i dag gjer åleine.

- Brimer og ServiTech har komplementære produkt og styrkjer, som dannar eit svært godt grunnlag for å bygge eit sterkare lag beståande av dyktige medarbeidarar med brei fagleg kompetanse. Saman vil våre tilsette skape dei aller beste løysingar for eksisterande og framtidige kundar, seier Håvard Haanes om konsernet, som etter samanslåinga har rundt 100 tilsette og ei omsetning på 150 millionar kroner.

Vil bygge ein større aktør

Styreleiar Jogeir Romestrand fortel at selskapa vil slå seg saman for å bygge ein større aktør innanfor marknaden der begge selskapa i dag har si kjerneverksemd. Spesielt fiskeri og industri, landbasert oppdrett, entrepriser for vass- og avlaupshandsaming i tillegg til røyrinstallasjonar.

- Både Brimer og ServiTech har ambisjonar om betydeleg vekst, og ENTEC Group vil vere ei god plattform for vekst til glede både for kundane, dei tilsette, eigarane og andre samarbeidspartnarar.

Kvamsøy-bedrifta Brimer har produsert kar og tankar i komposittmateriale i over 40 år, og stadig utvikla seg. Sidan 1980-talet har Brimer levert over 4.000 elementbaserte tankar.

Hovedkontoret for ENTEC Group vil ligge i Ulsteinvik.