Havila byggjer kystruteskip i Tyrkia

Havila Kystruten har starta bygginga av to av fire kystruteskip.

Havila Kystruten AS har fått kontrakt med staten om å operera fire skip på kystruta mellom Bergen og Kirkenes. Foto: Havila / NTB scanpix / NPK 

Næringsliv

To av skipa skal byggjast ved verftet Tersan i Tyrkia, stadfestar styreleiar Per Sævik til nett.no.

– Stålarbeidet har så vidt starta, og me har avtale om at dei to skipa skal leverast til september 2020, seier Sævik til næringslivsavisa.

Sævik seier at alle formalitetar rundt denne kontrakten no er på plass og at Havila, som held til i Fosnavågen på Sunnmøre, har gjort første innbetalinga til verftet.

Det tyrkiske verftet har bygd fleire norske fiskebåtar, ferjer og offshorefartøy. Av femten skip under bygging, blir heile elleve bygde for norske reiarar.

Frå 2021 skal både Hurtigruten og Havila segla kystruta mellom Bergen og Kirkenes. Havila skal segla med fire nye skip. Sævik opplyser til nett.no at dei er nær ein avtale med det spanske verftet Hijos de J. Barreras i Vigo om bygginga av dei to andre skipa.