Framleis nedgang i talet på norske sjøfolk

Ein ny oversikt viser at talet på norske sjøfolk framleis minkar.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) er fornøgd med at tala over sysselsette norske sjøfolk viser ein svak liten nedgang. Men tanke på den maritime krisa meiner han at talet har vist seg overraskande stabilt.   Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Næringsliv

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) er likevel fornøgd. Sjømannsforbundet er avventande.

Sidan 2009 har det ikkje vore samla inn tal over norske sjøfolk. Då slutta Rederiforbundet å samle inn opplysningar, medan Statistisk sentralbyrå (SSB) slutta allereie i 1998.

Tidlegare i år bestemte næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) at det igjen skulle samlast inn tal, og no ligg oversikta frå SSB klar.

Ho viser at det gjennom 2017 var i gjennomsnitt 19.809 norske sjøfolk på norske skip. Statistikken omfattar personar med norsk fødselsnummer og maritimt arbeidsforhold, registrert blant bedriftene som er omfatta av rapporteringsplikta til den såkalla A-ordninga.

Dette er ein nedgang frå 20.739 i 2016 og 21.232 i 2015.

– Fornøgd

Næringsministeren er likevel fornøgd med tanke på den maritime krisa Noreg har vore gjennom i kjølvatnet av dei fallande oljeprisane.

– Desse tala viser to ting. Først og fremst at det framleis er mange sjøfolk i Noreg. Oljeprisfallet var ein skikkeleg trykk for næringa, og mange sjøfolk mista jobben. Dessutan ser vi at talet gjennom denne perioden har halde seg ganske stabilt, konstaterer han overfor NTB.

Røe-Isaksen meiner tiltaka som regjeringa har sett i gang, med ein aktiv politikk for å få reiarlaga til å flagge skipa sine heim til Noreg, har ført fram. Han seier at nettolønnsordninga har vore viktig for å halde oppe talet på norske sjøfolk.

Oversikta viser at talet på sysselsette norske sjøfolk på utanlandske skip har gått ned, medan det har gått opp i dei norske skipsregistera.

– Talet på arbeidsledige sjøfolk går ned, og eg trur at vi over tid vil sjå at det blir fleire norske sjøfolk på norskregistrerte skip. Eg reknar med vekst framover, seier han.

– Overraska

Røe-Isaksen seier at han blei mildt sagt overraska då han overtok som næringsminister i januar, og fann ut at det ikkje lenger fanst ei oversikt.

– Det var tal litt her og litt der, men ingen nøyaktig oversikt. Dette meiner eg er viktig for å kunne sjå kor mange som jobbar på sjøen til kvar tid, ikkje minst for å sjå korleis utviklinga har vore over tid, seier han.

Røe-Isaksen legg til at departementet no vil fortsetje med å bestille desse tala jamleg framover.

Må analyserast

Torsdag skal Sjømannsforbundet delta på eit møte i departementet der tala skal analyserast nærmare.

Forbundsleiar Johnny Hansen seier at dei nye tala viser at den anslagsvise oversikta forbundet har operert med, er ganske nær dei tala som departementet no har fått frå SSB.

Men Hansen ventar på nærmare informasjon om grunnlaget og om kva for stillingar som er tatt med i oversikta.