Får med seg av eitt av Nordens leiande bygg- og anleggsselskap:

Peab blir partnar i Ulsmo-prosjektet på Volsdalsberga

Bustadprosjektet Fri Sikt Volsdalsberga får ein ny medeiegar i Peab Eiendomsutvikling Nord AS (Peab).

Ingerid Ulstein, administrerande direktør i Ulsmo Eiendom AS.  Foto: Ulsmo.

Stig Tore Johnsen, administrerande direktør i Peab Eiendomsutvikling Nord AS.  Foto: Ørjan Bertelsen/Peab.

Næringsliv

Peab tek over 40 prosent av aksjane i bustadprosjektet, medan Ulsmo Eiendom sit på dei resterande 60 prosenta. Med det har det Ulstein Group-eigde selskapet sikra seg ein viktig alliansepartnar. Det skriv Ulsmo i ei pressemelding.

− Då vi blei kontakta av Peab på vårparten i 2017, var det lett å sjå gevinsten av eit samarbeid. Vi får inn ein bustadutviklar med ein type erfaring og kompetanse som vil tilføre Fri Sikt Volsdalsberga ytterlegare kvalitetar og bidra til at vi saman utviklar Volsdalsberga til det mest attraktive bumiljøet i Ålesund. Peab har brei erfaring frå større bustadprosjekt som går over fleire byggjetrinn, blant anna i Tromsø. For oss vil dette styrkje Ulsmo Eiendom og samstundes frigjere kapital til utvikling av nye bustadprosjekt framover. Vi ser fram til samarbeidet med Peab, og håper dette kan føre til fleire fellesprosjekt på Nordvestlandet, seier administrerande direktør i Ulsmo Eiendom, Ingerid Ulstein.

− Vi var på jakt etter eigedomsprosjekt på Nordvestlandet, og vi fall for Fri Sikt Volsdalsberga si fantastiske plassering og utsjånad, seier Stig Tore Johnsen, administrerande direktør for Peab Eiendomsutvikling Nord AS. Han legg til:

- Vi er svært nøgde med å bli partnar med ein solid og sterk aktør som Ulsmo Eiendom på dette prosjektet. Peab har stor tru på region Nordvestlandet, og dette prosjektet er ein del av ein langsiktig strategi.

I prosjektet Fri Sikt Volsdalsberga skal Ulsmo Eiendom og no også Peab utvikle ein ny bydel i Ålesund, med inntil 150 nye leilegheiter på Volsdalsberga, ikkje lange vegen frå Color Line Stadion. Bustadprosjektet skal byggast over to trinn, og trinn 1 med i alt 65 leilegheiter er no byggeklart. Arbeidet vil etter innvilga rammeløyve frå Ålesund kommune komme i gang i starten av september. 38 av 65 leilegheiter på trinn 1 er selde så langt, medan fleire er reserverte.

Skal ta stilling til trinn 2

I løpet av hausten vil aksjonærane i prosjektet, Ulsmo og Peab, ta stilling til oppstart på trinn 2 på Fri Sikt Volsdalsberga.

- Det unike med Fri Sikt Volsdalsberga er at alle leilegheitene får utsikt mot sjøen. Prosjektet utførast med stigning frå havet og nordover, slik at også leilegheiter i 1. etg i dei bakarste husa får utsikt, fortel Ulstein.

Området rundt bustadane vil bli oppgradert til eit unikt og flott rekreasjonsområde. Ulstein trur at dette vil tilføre viktige verdiar for å auke kvaliteten i eit av Ålesund sine mest sentrale bustadområde.