Stor interesse for olje- og gassleiting på norsk sokkel

Regjeringa har fått inn søknader frå 38 ulike selskap om å drive leiteverksemd på den norske kontinentalsokkelen.

Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp).   Foto: Berit Roald/NTB scanpix/NPK.

Næringsliv

(NPK-NTB): Olje- og energiministeren karakteriserer søknadsmengda som «særs stor» i konsesjonsrunden for tildeling av førehandsdefinerte område (TFO) i 2018. Dei 38 selskapa utgjer eit breitt mangfald – frå dei store internasjonale oljeselskapa til dei mellomstore selskapa og dei mindre leiteselskapa. Både talet på selskap som søkte, og den totale talet på søknader er nesten like høgt som i rekordrunden i fjor, ifølgje departementet.

– At oljeselskapa viser så stor interesse for leiting på norsk sokkel er viktig for framtidig verdiskaping, arbeidsplassar og statlege inntekter frå Noregs største og viktigaste næring. Det er derfor svært gledeleg at vi også i år har fått svært mange søknader frå eit breitt mangfald av selskap, seier olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp).

Oljeselskapa har søkt på 103 blokker – 47 blokker i Norskehavet og 56 i Barentshavet – i konsesjonsrunden for såkalla modne leiteområde. Miljørørsla og delar av den politiske opposisjonen har vore sterkt kritiske til utlysinga.

Tildeling i førehandsdefinerte område (TFO) er den årlege konsesjonsrunden for dei best kjente leiteområda på norskesokkelen, og omfattar store delar av dei tilgjengelege leiteområda. Regjeringa tar sikte på å tildele nye utvinningsløyve i dei kunngjorde områda i byrjinga av neste år.