NAV arrangerer jobbmesse på Ulstein Arena

Vil skape uformell møteplass mellom næringsliv og folk på jobbjakt

Jobbmesse: Torsdag i neste veke arrangerer NAV Møre or Romsdal jobbmesse på Ulstein Arena for næringsliv og jobbsøkjarar i heile regionen.  Foto: Arkiv

Næringsliv

Torsdag 20. september arrangerer NAV Møre og Romsdal jobbmesse på Ulstein Arena.

I ei pressemelding skriv NAV at dei opplever auka etterspurdnad etter arbeidskraft frå fleire bransjar. På jobbmessa i Ulsteinvik vil meir enn 40 verksemder med rekrutteringsbehov stille opp for å møte menneske på utkikk etter ny jobb.

I følgje NAV er der særleg innan innan bygg og anlegg, men også hotellnæringa, verftsindustrien, maritim industri  og andre har behov for arbeidskraft. 

- Vi oppmodar alle som er klar for ny jobb, både arbeidsledige og jobbskiftarar, om å ta med seg CV i fleire eksemplar og møte på Ulstein Arena torsdag 20. september, seier NAV.

NAV inviterer arbeidssøkjarar frå regionen til å vere med på messa, men jobbmessa er i utgangspunktet open for alle som er på jakt etter arbeid.