Andre generasjon Myrene:

Fører Tegneren vidare inn i framtida

Søskena Therese Myrene Aurvåg og Robert Myrene har tatt meir og meir over familieverksemda Tegneren, medan grunnleggjar og far Arnljot har trappa ned gradvis siste året. Oppdragsmengda er god, og verksemda får innpass innanfor fleire nye marknadar.

Tegneren: Søskena Therese Myrene Aurvåg og Robert Myrene i lokala til Tegneren i Ulsteinvik.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

– Det er veldig spanande tider, seier Therese og Robert.

Tegneren blei starta som eit enkeltmannsføretak av Arnljot Myrene i 1974, og første kontorlokala var på Hareid. Etterkvart kom kona Solfrid Myrene inn som innhaldsprodusent og har no også ansvar for økonomi og rekneskap. Etter mellomstasjonar på Haddal og i Mylna-bygget på Saunes, har verksemda sidan 1997 heldt til i Vikemyra i Ulsteinvik sentrum.