Havyard Design & Solutions:

Sikra milliardkontrakt med Havila Kystruten

Havyard Design & Solutions skal levere skipsdesign og ein omfattande utstyrspakke til alle fire skipa.

Nøgd gjeng Frå venstre ser ein designsjef Arve Leine i Havyard Design & Solutions AS, salsdirektør Gisle Vinjevoll Thrane i Havyard Design & Solutions AS, styreleiar og eigar Per Sævik i Kystruten Havila AS, administrerande direktør Arild Myrvoll i Havila Kystruten AS og konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard Group ASA.   Foto: Havyard Group.

Slik ser ein føre seg dei nye kystruteskipa til Havila Kystruten.  Foto: BowVision.

Næringsliv

- Det er gledeleg å kunne løfte dei siste atterhalda på byggekontraktane, noko som sikrar leveranse i 3. og 4. kvartal 2020, seier administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll i ei pressemelding.

Konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard Group seier kontrakten er en milepåle.

- Dette er ein rekordkontrakt for Havyard Design & Solutions og er med å stadfeste vår posisjon som eit maritimt teknologikonsern i verdsklasse, med brei kompetanse i mange segment, seier konsernsjef Bakke.

Spanske Tersan og Barreras skal bygge dei fire skipa for Havila Kystruten.

Arbeidet godt i gang

Havyard Design & Solutions har jobba med designen over lengre tid, og stålklasseteikningane er allereie klare. Det betyr at stålkutting vil starte allereie før nyttår.

Kontraktsverdien er på over ein milliard kroner, ifølgje selskapet. Selskap i Havyard-gruppa og andre norske utstyrsleverandørar skal levere utstyr. Kontrakten vil gi ringverknadar i den norske maritime klynga.