Havyard feira milliardkontrakt på kystruteskip:

Fleire får ein bit av kaka

Både stemninga – og den store marsipankaka – var god då Havyard feira milliardkontrakt. Men fleire vil få glede av jobben.

Kakefeiring Salsdirektør Gisle Vinjevoll Thrane (t.v.) i Havyard Design & Solution saman med administrerande direktør Arild Myrvoll i Havila Kystruten. Planen er at alle fire skipa skal vere ferdig siste halvår av 2020.   Foto: Havyard.

Næringsliv

(Sunnmørsposten): Havyard Design & Solutions skal levere skipsdesign og ein omfattande utstyrspakke til fire skip Havila Kystruten skal sette i trafikk langs kysten frå 2021. Både tilsette og gjestar var samla i resepsjonen ved Havyard House i sentrum av Fosnavåg tysdag. Der fekk dei mellom anna gratulasjonar frå Havila – og Havyard-eigar Per Sævik.

Salsdirektør Gisle Vinjevoll Thrane i Havyard Design & Solution seier at trass felles eigar har dei vore nøydd til å gjere seg fortent til oppdraget – og andre design var inne i prosessen.