Må tilsetje fleire

Næringsliv

Ulmatec Handling Systems AS på Hareid må tilsetje fleire medarbeidarar som ei følgje av at dei har inngått ei rekkje nye kontraktar dette året.

I følgje ei pressemelding har selskapet signert kontraktar på ein samla verdi på over 100 millionar kroner og er sikra arbeid ut september neste år.

Havyard er eitt av selskapa som Ulmatec har skrive kontrakt med, ei kontrakt som elles er den største enkeltkontrakten Ulmatev nokon gong har signert.

Kontraktene gir oss gode høve til å halde fram med den langsiktige satsinga vår med å bygge opp ein større utstyrsportefølje og å investere naudsynt kompetanse, slik at vi kan vinne fram i ein stadig tøffare marknad, seier sals- og marknadsdirektør Bjørn Roppen.

Ulmatec har behov for å auke arbeidsstokken både innan produksjon og på teknisk avdeling.