Prisdryss over If-kontoret i Ulsteinvik:

Vann fem av fem moglege prisar

Fem av fem moglege prisar under den norske forsikringsgiganten If sin årvisse galla gjekk til If Forsikringssenter Nordvest i Ulsteinvik. – Dette har vi jobba målretta og hardt for, seier dagleg leiar Stig Haugland.

Lagbilete Til venstre ser ein dobbeltvinnar Olav Worren (husforsikring og beste seljar totalt sett i If-systemet), Lisa Kristiansen (beste nykomar), Kristoffer Humberset, Geir Strand, Linda Poulsen, Harald Furnes, Tore Skodjevåg, Frode Sundgot, Dagfinn Berg Tjervåg, Emil Folkestad (beste personforsikringsseljar) og dagleg leiar Stig Haugland – med eit godt tak kring prisen for beste kontor.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Det byrjar å bli nokre år sidan tidlegare Hødd-spelar Stig Haugland la fotballskoa på hylla, men han nølar ikkje med å nytte nokre sportsmetaforar når han skal forklare korleis det kjennest å bli landets beste If-kontor. For augneblinken då konferansier Atle Antonsen bad gjengen frå Ulsteinvik om å kome opp på scena og ta i mot prisen var stor.

– Heilt klart. Det blei jo bortesiger og full pott dette. Ein må jo vere litt konkurransemenneske i denne bransjen. Det er spesielt stort å vinne denne prisen, ein pris som er eit synleg bevis på at vi har oppnådd noko svært bra saman, seier Stig Haugland.