Set opp renta

OPP: SpareBank 1 Søre Sunnmøre har vedteke å auke utlåns- og innskotsrenta med inntil 0,25 prosentpoeng. - Vi trur dei fleste raskt vil kunne innstille økonomien på ei noko høgare rente framover, seier banksjef for personmarknaden i banken, Andre Skotheim.  Foto: SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Næringsliv

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har i dag, fredag 28. september, vedteke å auke utlåns- og innskotsrenta med inntil 0,25 prosentpoeng, melder banken i ei pressemelding

- Det har lenge vore forventa ei heving av styringsrenta frå Noregs Bank. Dette har over tid ført til ei gradvis auke i pengemarknadsrenta. Vi trur dei fleste raskt vil kunne innstille økonomien på ei noko høgare rente framover, seier banksjef for personmarknaden i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Andre Skotheim.

Han fortel at banken sine rådgjevarar vil vere tilgjengelege for deg som vil ha rådgjeving om korleis du best kan handtere auka rentekostnadar framover.

- SpareBank 1 Søre Sunnmøre er inne i ei periode med solid vekst og vi er trygge på at vi fortsatt framstår som ein attraktiv og konkurransedyktig bank, understrekar Skotheim.

Banken opplyser om at rentejusteringa for eksisterande kundar vil tre i kraft 12. november 2018 og at alle kundar som får renteendring vil motta brev eller informasjon i nettbanken om korleis renteendringa påverkar låna deira.

Det er LO-medlemmer under 34 år som har den beste renta på bustadlån i banken. For desse vil den beste bustadlånsrenta verte 2,35 % etter renteauken.

Samstundes vil renta på innskot justerast opp med inntil 0,25 prosentpoeng, også dette frå 12. november 2018.