SunStone Ships

Bestiller nytt ekspedisjonscruiseskip frå Ulstein

SunStone Ships, selskapet som skreiv kontrakt med Ulstein i fjor på levering av ein design- og utstyrspakke på eit X-Bow-ekspedisjonscruiseskip, erklærer no den fyrste av i alt ni opsjonar dei sikra seg i same kontrakten.
Næringsliv

For det har seg nemleg slik at den opphavlege kontrakten mellom Ulstein Design & Solutions og SunStone Ships vart inngått i fjor.

Denne avtalen inkluderte ni opsjonar på ekspedisjonscruiseskip-designen Ulstein Design & Solutions skulle levere, og det er den første av desse ni opsjonane som no skal realiserast. Ekspedisjonscruiseskip-designen har mellom anna den ikoniske baugforma Ulstein X-Bow.

Første skip under bygging i Kina

I ei pressemelding frå Ulstein Group fredag ettermiddag heiter det at det første skipet for SunStone, som har fått namnet ‘Greg Mortimer’, er under bygging ved verftet CMHI (China Merchants Heavy Industry), og skal ut på sitt første cruise etter ferdigstillinga siste kvartal 2019.

Skal gå for australsk selskap

Både skip nummer ein og to er chartra av det australske selskapet Aurora Expeditions.

- Vi valte Ulstein som følgje av deira skrog- og tekniske design, og at dei kan stille med prosjektteam i Kina som følgjer opp produksjonen, fortalde Niels-Erik Lund, president/konsernsjef i SunStone Ships då den første skipskontrakten vart annonsert, ifølgje pressemeldinga.

Visekonsernsjef i Ulstein Group og leiar for området Design & Solutions, Tore Ulstein, er glad for at SunStone no tek til å erklære opsjonane:

- Det viser at designa og løysingane våre tilfredsstiller det dei har forventa. Når desse SunStone-skipa vert klare, trur vi dei vil vere svært attraktive for ekspedisjonscruise-passasjerane, seier Ulstein.