Eigar-kvartett går saman om nytt tilbod på Sjøsida:

Ulsteinvik får sportsbar

1. desember opnar etter planen Brygga Sportsbar på Sjøsida i Ulsteinvik. – Vi ønskjer å bidra til auka aktivitet i Ulsteinvik, seier ein av medeigarane, Geir Sundal.

Brygga Sportsbar Torsdag såg det slik ut i lokalet der det nye tilbodet vil komme, Ulsteinvik sin heilt eigen sportspub, Brygga Sportsbar. Men, 1. desember har betongstøvet lagt seg for lenge sidan, og lokalet vil stå klart til å ta i mot folk frå fjern og nær. – Vi meiner det finnast eit behov for eit slikt tilbod i Ulsteinvik, seier medeigar Geir Sundal (bildet).   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sportsbaren får ei ideell plassering midt i smørauget av Ulsteinvik sentrum.

Geir Sundal, medeigar
Næringsliv

– Dette er noko vi alle har eit brennande ønskje om å få til. Den fyrste reine sportsbaren på Søre Sunnmøre. Vi har stor tru på konseptet, seier Sundal.

Eigar-kvartetten Geir Sundal, Michael Dahl og Folk Spiseri -eigarane og -drivarane Ingrid Margrethe Ulstein og Thor Erik Andersen satsar på opningsdag 1. desember, og arbeidet med å setje i stand det nesten 300 kvadratmeter store lokalet har allereie byrja.