Eit samrøystes Storting:

Sa ja til Rolls-Royce Marine-oppkjøp

Tysdag gjorde Stortinget vedtak om at statleg deleigde Kongsberg Gruppen kan kjøpe opp marinedivisjonen til Rolls-Royce.

Stortinget har gitt sitt ja, og alt ligg no føre for at Kongsberg Gruppen tek over Rolls-Royce i løpet av 2019. 

Næringsliv

Det var stor jubel blant dei aller fleste av dei tilsette i Rolls-Royce Marine då det tidlegare i år blei klart at Kongsberg Gruppen vil kjøpe opp marinedivisjonen til det britiske storkonsernet. Tysdag blei det klart at Stortinget, gjennom eit samrøystes vedtak, går inn for å godkjenne oppkjøpet av Rolls-Royce Marine.

Den norske staten eig 50 prosent av aksjane i Kongsberg Gruppen, og for at selskapet skulle kunne klare oppkjøpet måtte ein gjennomføre ei naudsynt kapitalutviding, der Staten måtte skyte inn 2,5 milliardar kroner. Det var dette Stortinget skulle stemme over. Eit samrøystes Storting gjekk altså inn for dette. Overtakinga vil etter alt å døme skje i løpet av våren 2019.

Partane blei i juni i år samde om at verdien på marinedivisjonen var på om lag 500 millionar britiske pund, men salssummen kan bli ein annan, alt ettersom kor mykje gjeld, kontantar og arbeidskapital som er i selskapet under overtakinga. På Nordvestlandet har Rolls-Royce i dag rundt 1.600 tilsette.