Den nye kapteinen på Kleven-skuta fortel at det blir jobba for nye kontraktar:

- Vi stengjer ikkje dørene når ekspedisjonsskipa er ferdige

Måndag i førre veke hadde Olav Nakken (54) sin første arbeidsdag som ny administrerande direktør for Kleven Verft AS. Allereie har den nye kapteinen på brua byrja å stake ut kursen vidare.

Olav Nakken, Kleven Verft sin nye administrerande direktør, er allereie godt i gang med å korrigere kursen til Kleven.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Nakken er godt kjend med Kleven gjennom sitt virke i Hurtigruten. Før han blei tilsett som ny administrerande direktør i Kleven, var han prosjektdirektør for Hurtigruten sin nybyggorganisasjon, og har dermed vore direkte involvert i ekspedisjonsskipa Kleven byggjer for reiarlaget.

- Eg er ganske komfortabel med å vere kaptein på denne skuta. Men, eg skal ikkje seie at eg har gjort akkurat tilsvarande før. Eg har derimot vore involvert inn mot større verft tidlegare, som både har hatt ein vanskelegare situasjon og som har vore i eit tyngre system enn ein har her i Norge. No nyttar eg ein del tid i starten for å bli betre kjent med organisasjonen her, og la medarbeidarane mine bli betre kjende med meg. Fokuset mitt er på å få dette til. Vi må saman gjere Kleven meir effektiv som organisasjon, og berre på det viset vil verksemda bli meir konkurransedyktig. Vi må bli til å stole på når det gjeld levering - og lønnsemda må opp, seier Nakken til Vikebladet Vestposten.