Kan ta posisjon som føregangsregion

Same utviklinga som skjer på vegane, skjer på sjøen. Fjord1-ferjene som kjem på Sulafjorden frå årsskiftet vil ha såkalla «autocrossing» om bord, som gjer at skipperen ikkje treng styre fartøyet.

«Autopilot» Fjord1-ferjene som kjem på Sulafjorden frå årsskiftet vil ha såkalla «autocrossing» om bord, som gjer at skipperen ikkje treng styre fartøyet.   Foto: Fjord1.

Næringsliv

(Sunnmørsposten): Svein Kleven leiar Rolls-Royce Marine-avdelinga som jobbar med systemintegrasjon, og har satsa på digitalisering og elektrifisering dei siste åra.

– Transportsystema er no i ein endringsprosess, men det skjer gradvis og ikkje brått frå det eine til det andre. Samstundes er eg ekstremt oppteken av at vi kan ta ein posisjon som føregangsregion, seier han.