Førarlaus framtid?

Om kort tid kan vi truleg reise med buss og ferje her i fylket utan at eit menneske styrer

Ulsteinvik kan snart få den første førarlause bussen i fylket og allereie frå årsskiftet kan dei nye ferjene over Sulafjorden segle på «autopilot». Har vi ikkje bruk for bussjåførar som Øystein Blom om få år?
Næringsliv

(Sunnmørsposten): Fleire stader i landet rullar no førarlause bussar på vegane. Den første som vil frakte folk i Møre og Romsdal, kjem truleg til å køyre mellom Høddvoll og Ulsteinvik sentrum.