Havila Kystruten vil segle i skipstunnel

Havila Kystruten vil segle i rute gjennom Stad skipstunnel, om tunnelen nokon gong blir bygd.

Slik ser Kystverket for seg ein seglas med hurtigbåt gjennom Stad skipstunnel. Illustrasjon: Kystverket/Appex 

Næringsliv

Frå 2021 skal Havila Kystruten trafikkera kystruta mellom Bergen og Kirkenes saman med Hurtigruten. Då vil reiarlaget frå Fosnavåg i Møre og Romsdal gjerne segla forbi Stad i Nordfjord i tunnel.

– Me håpar at tunnelen blir bygd. Det blir ein enorm turistattraksjon, seier dagleg leiar Arild Myrvoll i Havila Kystruten til Sysla.

Stad skipstunnel er ikkje blant dei tiltaka som får pengar i statsbudsjettet for neste år. Regjeringa peikar på at ei ekstern kvalitetssikring av prosjektet i mai viser at tunnelen både blir dyrare og får lågare nytteverdi enn ein tidlegare har rekna med.

Kystverket treng 30 millionar kroner for å sikra vidare planlegging av den største skipstunnelen i verda, skriv tu.no. Styringsgruppa for Stad skipstunnel krev at bygginga startar seinast i 2021, slik det er lagt opp til i Nasjonal transportplan.

Medan Hurtigruten har vore litt avventande til å bruke skipstunnelen for skipa sine som seglar kystruta, vil Havila Kystruten bruka den 1.700 meter lange tunnelen. Reiarlaget meiner det har vore for lite snakk om turisme og for mykje snakk om tryggleiken til fiskarar og andre sjøfarande.

–Å gå gjennom denne tunnelen vert ei enorm oppleving, som heilt klart vil drage fleire reisande, seier Myrvoll.