Per Sævik med tydeleg forsvar av Stad skipstunnel:

– Tunnelen blir ein verdssensasjon

Havila Kystruten sine fire skip blir blant dei som kunne hatt god nytte av ein skipstunnel på Stad.

Per Sævik forsvarte Stad Skipstunnel under Vanylvskonferansen fredag. 

Næringsliv

Ein engasjert Per Sævik deltok under Vanylvskonferansen fredag. Der leverte han eit sterkt forsvar av skipstunnelen, ifølgje Synste Møre. (Ekstern lenkje).

Det vakte oppsikt blant mange på Nordvestlandet då forslaget til Statsbudsjett for 2019 ikkje inneheldt ytterlegare midlar til ei realisering av Stad skipstunnel.

– Eg fryktar at resultatet av at ein no skal «sjå på» saka igjen, er at ein går inn for ein liten tunnel. I så fall vil eg seie at det er å kaste bort pengar, sa Sævik under Vanylvskonferansen fredag, ifølgje Synste Møre.

Gjennom sitt haldingselskap Havila Holding kontrollerer Per Sævik og familien hans Fjord 1, men også Havila Kystruten, som skal drifte fire av skipa som skal gå i fast trafikk langs kysten, saman med Hurtigruten. Desse skipa, som skal gå i rute mellom Bergen og Kirkenes på lik linje med Hurtigruten sine skip, hadde nok hatt godt av å kunne gå gjennom ein skipstunnel, heller enn å måtte krysse det vêrharde Stad-havet. Under føredraget for dei frammøtte på Vanylvskonferansen var han tydeleg på at ein skipstunnel også vil føre til store ringverknader for reiselivet.

– Tunnelen blir ein verdssensasjon. Eg har sett Korint-kanalen som det blir samanlikna med. Det blir pinglete greier i forhold, sa Sævik til Synste Møre.

Sævik oppmoda ifølgje Synste Møre til mobilisering kring tunnelen.