Vil ikkje nytte skipstunnelen, dersom den blir realisert:

Hurtigruten droppar Stad skipstunnel

I eit brev sendt til skipstunnel-prosjektet, Samferdselsdepartementet og Kystverket i førre veke, går det fram at Hurtigruten ikkje ønskjer å nytte tilbodet - dersom det skulle bli realisert.

Denne tidlege illustrasjonen av Stad skipstunnel viser eit hurtigruteskip på veg ut av tunnelen. Dersom tunnelen blir realisert, vil ikkje dette skje i det heile. Hurtigruten ønskjer nemleg ikkje å nytte ein framtidig skipstunnel.  Foto: Stad skipstunnel.

Næringsliv

- Målet med ein skipstunnel ved Stad skal vere å redusere reisetid, redusere forureining og redusere faren for ulukker. For Hurtigruten sin del, vil det å bruke tunnelen kort sagt føre til det stikk motsette. Difor har vi bestemt at vi ikkje kjem til å bruke tunnelen dersom den blir realisert, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten.

På oppfordring frå prosjektet bak tunnelen, har Hurtigruten likevel blitt oppmoda om å gje ei vurdering av skipstunnelen utifrå Hurtigruten sin operative ståstad.

«Ingen av vurderingspunkta konkluderer med at tunnelen er å føretrekke framfor dagens velkjende segling rundt Stad for Hurtigruten, Hurtigruten sine skip og Hurtigruten sine gjestar. Tvert imot viser gjennomgangen fleire sentrale risikomoment der tunnelen kjem langt svakare ut enn dagens seglingslei. Av dette følgjer at Hurtigruten ikkje kjem til å nytte seg av Stad skipstunnel», skriv Hurtigruten i brevet.

- Hurtigruten har passert Stad sidan Kystruten blei utvida til å inkludere Bergen i 1898. Vi ser at tunnelen kan ha ein positiv effekt for andre typar skip med eit anna driftsmønster enn Hurtigruten og Kystruten Bergen – Kirkenes. Men for oss er ikkje Stad spesielt utfordrande for regulariteten. Dei siste 15 åra har vi passert Stad nesten 12.000 gonger utan problem. Mindre enn ei handfull gonger i året vurderer vi at vêrforholda er så ille at vi ikkje kan passere Stad, seier Ege.

Vanskelege seglingsforhold

I brevet peikar Hurtigruten på ei rekkje ulike årsakar til at dei ikkje ønskjer å nytte seg av den planlagde skipstunnelen. Forhold som nemnast er blant anna vanskelege seglingsforhold i begge endar av tunnelen, auka forureining, faren for ulukker og endra rutetider.

- Vi seglar i ein fastsett ruteplan gjennom avtale med staten. Å bruke tunnelen i staden for å segle rundt, vil auke seglingsdistansen mellom Måløy og Torvik, gjennom trangt og delvis grunt farvatn. For å få til dette må vi auke fart og utslepp betydeleg, endre ruteplanen, kutte anlaup eller redusere liggetida betrakteleg i hamnane. Det er ikkje gode alternativ for nokon, seier Ege.

- Finnast ikkje internasjonale krav til sikring

I gjennomgangen tek Hurtigruten også opp tryggleiken i tunnelen.

- Det er ei betydeleg svakheit at det for tida ikkje finnast nokon internasjonale krav til sikring og tryggleik i skipstunnelar. Marerittscenarioet er røykutvikling eller brann på eit skip inne i tunnelen. Vi ser med bekymring på ei evakuering av passasjerskip på veg gjennom tunnelen, og kan ikkje sjå korleis redningsutstyr som livbåtar og flåtar skal kunne nyttast inne i tunnelen, seier Ege.

Vil ikkje bli eit trekkplaster

Hurtigruten, som er ein av Norges største reiselivsaktørar, trur heller ikkje skipstunnelen ved Stad vil bli eit trekkplaster for sine gjester.

- Vi har ei stund blitt møtt med argumentet om at tunnelen kan marknadsførast internasjonalt som ein stor turistattraksjon. For Hurtigruten sin del vil tunnelen ha ein svært avgrensa verdi i marknadsføring – på same måte som bruer eller vindmølleparkar. Våre gjestar kjem til Norge for å oppleve aktive, naturbaserte opplevingar, seier Ege og legg til:

- Med mindre vi endrar rutetidene drastisk, vil vi passere tunnelen grytidleg om morgonen – og det vil bli ei oppleving for nokre få interesserte som droppar nattesøvnen. For våre gjestar vil det å passere Stad på opent hav framstå som ein større attraksjon og eit punkt gjestane kan setje på skrytelista frå den unike norskekysten, seier han.