Fjord1:

Samarbeider med miljøstifting

Ferjeselskapet Fjord1 startar eit samarbeid med miljøstiftinga Zero for å kutta utsleppa i maritim sektor.

Slik ser den nye el-ferja ut som til årsskiftet skal setjast inn i sambandet mellom Krokeide og Hufthamar i Hordaland.   Foto: Illustrasjons/MultiMarine.

Næringsliv

(NPK): Samarbeidsavtalen mellom Fjord1 og Zero er på tre år. Målet er at reiarlaget og miljøstiftinga skal skapa gode rammevilkår for utsleppsfri maritim transport og bidra til det grøne skiftet i maritim sektor, opplyser partane i ei pressemelding.

– I dei nye anbodskontraktane blir det stadig stilt tøffare krav til reduksjon av miljø- og klimagassutslepp. Zero skal vera ein spydspiss i klimasaker, og såleis har det vore naturleg for oss i Fjord1 å starta eit samarbeid med miljøstiftinga, fortel sikkerheit- og maritim teknisk direktør Deon Mortensen i Fjord1.

Dagleg leiar Marius Holm i Zero er glad for å samarbeida med ein aktør som tek ansvar for utvikling av ny teknologi og utsleppsfrie løysingar.

– Me i Zero er svært glade for avtalen med Fjord1, eit selskap som går føre i det grøne skiftet i skipsfarten. Skal me klara å kutta store utslepp frå maritim sektor må land som Noreg ta eit ansvar for utvikling av ny teknologi og utsleppsfrie løysingar, seier Holm i pressemeldinga.

Samarbeidet skal primært sikra gode miljø- og klimakrav i kommande ferje- og hurtigbåtanbod, gode rammevilkår for utsleppsfrie maritime løysingar og jobba for å utvikla og bygga ut ladestasjonar på norske kaiar.