Bestiller nytt ekspedisjonsskip frå Kleven

Hurtigruten har allereie to hybridskip under bygging ved verftet. No er det klart at Kleven også skal byggje eit tredje.

Hurtigruten har skrive under på ein intensjonsavtale med Kleven Verft om bygginga av eit tredje hybriddrive ekspedisjonsskip.   Foto: Hurtigruten

Næringsliv

Det går fram i ei pressemelding frå Hurtigruten.

– Vi er strålande fornøgde med å kunne gå ut med planane om å byggje endå eit revolusjonerande hybriddrive ekspedisjonsskip. Dette grensesprengande skipet vil ta gjestane våre til nokre av dei mest spektakulære stadane på kloden – på ein meir berekraftig måte enn nokon gong tidlegare, seier konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten i pressemeldinga.


Den nye kapteinen på Kleven-skuta fortel at det blir jobba for nye kontraktar:

- Vi stengjer ikkje dørene når ekspedisjonsskipa er ferdige

Måndag i førre veke hadde Olav Nakken (54) sin første arbeidsdag som ny administrerande direktør for Kleven Verft AS. Allereie har den nye kapteinen på brua byrja å stake ut kursen vidare.

 

I pressemeldinga kan ein lese at skipet skal bli basert på dei to ekspedisjonsskipa Hurtigruten har under bygging ved Kleven Verft. På same måten som MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen vil også det nye skipet vere spesialbygd for nokre av verdas mest ekstreme område, med spesialdesigna og isforsterka skrog.

– Dette er dei grønaste og mest avanserte cruiseskipa verda nokon sinne har sett. Det er skip som flyttar grenser og som set ein ny standard for heile den globale cruiseindustrien, seier Skjeldam i pressemeldinga.


- Ein gledens dag

Statsminister Erna Solberg seier at den nye kontrakta til Kleven viser at dei kan hevde seg i verdsklassa

 

Det tredje ekspedisjonsskipet har ei planlagt levering i andre kvartal i 2021.

Kleven sin nye administrerande direktør, Olav Nakken, fortel i pressemeldinga at denne avtalen vil vere med på å sikre arbeid til verftet sine tilsette, i tillegg til å skape store ringverknadar for lokale leverandørar. Nakken meiner den nye avtalen vil vere viktig for heile regionen.

– Vi er takknemlege for tilliten Hurtigruten viser oss ved å signere intensjonsavtalen for eit tredje, avansert ekspedisjonsskip, der vi kombinerer grøn teknologi med premium gjestekomfort. Dette er ei bekrefting på den unike kompetansen og fasilitetane vi har her på Kleven, seier administrerande direktør Olav Nakken ved Kleven Verft.

Det er venta at Hurtigruten og Kleven får på plass detaljar og avklaringar i avtalen i løpet av første kvartal av 2019.