Sikra treårig avtale med Equinor:

- Spesielt gledeleg med ein så langvarig kontrakt

Island Offshore sitt plattformforsyningsskip Island Clipper skal i arbeid for Equinor.

Island Clipper.  Foto: Island Offshore.

Næringsliv

Fartøyet skal utstyrast med ein batteripakke, landstraum og mobiliserbar gangveg (walk to work), og skal ha kapasitet til 60 personar. Kontrakten med Equinor (tidlegare Statoil) startar opp 1. april 2019. I tillegg har Island Offshore sikra seg opsjonar på opptil to år på toppen av denne treårskontrakten.

Island Clipper vil mellom anna vere utstyrt til å huse arbeidarar under vedlikehaldsarbeid på ulike Equinor-installasjonar.

- Dette er eit veldig spennande prosjekt for oss, og det er spesielt gledeleg med ein så langvarig kontrakt etter nokre tøffe år i offshoremarknaden. Med Island Clipper har vi no fire plattform supplyfartøy som har blitt tilpassa til walk to work-arbeid, og det viser at satsinga vår på dette segmentet var heilt rett, seier administrerande direktør Håvard Ulstein i Island Offshore Management AS.

Island Offshore har i tillegg walk to work-fartøya Island Crown, Island Condor og Island Diligence.