Blir ein del av konsernleiinga:

Får utvida rolle i Ulstein Group

Frå 1. november går Lene Trude Solheim over i ei ny, utvida rolle i konsernet.

Lene Trude Solheim, organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i Ulstein Group.  Foto: Ulstein Group.

Næringsliv

Solheim blir no organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i Ulstein Group. Det kjem fram i ei pressemelding frå konsernet torsdag morgon. Med det blir ho ein del av konsernleiinga og skal ha ansvar for kommunikasjon og branding som tidlegare - men ho vil også mellom anna ha det overordna ansvaret for organisasjonsutvikling og informasjonstryggleik i konsernet.

- Vi er svært glade for at Lene Trude Solheim vil ta på seg ei ny og utvida rolle for Ulstein. Ho har over 20 års erfaring frå arbeid i Ulstein Group og tidlegare Rolls-Royce. Ho kjenner den maritime næringa og Ulstein svært godt, og har også nyleg fullført mastergrad innan digital kommunikasjon, organisasjonsutvikling og leiing, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.