SunStone Ships erklærte nok ein opsjon:

Eit tredje ekspedisjonscruiseskip skal byggast basert på Ulstein-design

Nyleg erklærte reiarlaget SunStone Ships den første opsjonen i Infinity-klassen av Ulstein-designa ekspedisjonscruiseskip. Reiarlaget har no erklært opsjon nummer to.

"Ocean Victory" vil ha overnattingsplass for 100 mannskap og 200 passasjerar.  Foto: Ulstein Group.

Næringsliv

Det var i fjor at Ulstein teikna kontrakt med SunStone Ships om ein kontrakt på levering av design og utstyrspakkar til eitt ekspedisjonsskip - i tillegg til heile ni opsjonar. Onsdag erklærte altså reiarlaget sin andre opsjon, noko som gjer at verftet China Merchants Heavy Industry i Kina no skal bygge tre ekspedisjonscruiseskip basert på Ulstein Design & Solutions sitt design i Infinity-klassen. Ulstein sin kontrakt er med verftet.

Det er Victory Cruise Lines som skal ha skipet, som vil få namnet "Ocean Victory", på ein langsiktig charterkontrakt. Planlagt levering er i mars 2021.

SunStone sin president og konsernsjef, Niels-Erik Lund, er godt nøgd.

- Det ser ut til at europeisk design og teknologi, kombinert med lågare samla driftskostnader, har treft blink i marknaden for denne typen skip.

- Vi er svært fornøgde med arbeidet som SunStone Ships har lagt ned for å finne cruiseoperatørar til desse fartøya, og er overtydde om at dei kjem til å få realisert alle dei ti skipa i serien, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group og leiar for forretningsområdet Design & Solutions.

- Vi har eit tett samspel med dei involverte partane, og ser fram til eit vidare godt samarbeid på neste fartøy.

Ulstein Design & Solutions er utover å ha designa skipet også ansvarleg for utstyrsleveransane, der alt hovudutstyr er basert på utprøvd teknologi frå anerkjende europeiske produsentar. Tillberg Design USA har ansvaret for interiørdesignet, medan Makinen har oppgåva med å bygge opp alle innvendige rom.

100 mannskap og 200 passasjerar

Fasilitetane på skipet inkluderer ifølgje Ulstein tre restaurantar og ein open dekksrestaurant, observasjonssalong, forelesarsalong, pianobar, treningsrom og spa-fasilitetar, bibliotek, butikkar, omkledingsområde for gummibåtekskursjonar, 20 gummibåtar, svømmebasseng, boblebad og bassengbar.

Det første skipet i Infinity-klassen, ‘Greg Mortimer’, er planlagt levert i august 2019. Det skal gå i oppdrag for Aurora Cruises i Australia.

Skipa i Infinity-klassen er 104,3 meter lange og 18,4 meter breie. "Ocean Victory" vil ha overnattingsplass for 100 mannskap og 200 passasjerar.