Ulstein Verft-tilsett blei tildelt gjevt stipend:

Her blir Eirik overraska med skipsbyggarstipend

Eirik Berge Sæther frå Ulsteinvik hadde inga aning om kva som venta han då han deltok under Verftskonferansen i Ålesund tysdag kveld.

Tysdag blei Eirik Berge Sæther tildelt skipsbyggarstipend for 2018 under Verftskonferansen i Ålesund.  Foto: Ulstein Group.

Næringsliv

For plutseleg blei han ropt opp på scena, der han blei tildelt skipsbyggarstipend på 25.000 kroner. Stipendet kjem frå Skipsbyggerienes fond for forskning og utdannelse.

Eit stipend som høgst truleg kjem godt med, då Eirik Berge Sæther i haust byrja på ei treårig ingeniørutdanning ved NTNU i Trondheim.

- Dette kom som ei gedigen overrasking. Eg er mållaus, sa Eirik etter tildelinga.

Han fortalde vidare at han i utgangspunktet berre følte seg heldig fordi han fekk vere med på Verftskonferansen, og han visste ikkje at han var nominert til prisen, som han også vann.

Berge Sæther starta ifølgje Ulstein som TAF-elev på avdeling maskin/rør ved Ulstein Verft i 2014, og tok fagbrev som industrimekanikar i mai 2018

Han vart fast tilsett etter endt TAF-løp og fagbrev i 2018, og tok i haust til på vidare utdanning i ingeniørfaget, på studiet integrert Master i Marin Teknikk i Trondheim.

I 2014 fekk Karl-Eirik Aasen i Ulstein Elektro Installasjon dette stipendet.