Marin Teknikk-designa Yara Birkeland:

Heidra med klimapris for sjølvkøyrande skip

Yara og Kongsberggruppen er heidra med Næringslivets klimapris 2018 for å ha utvikla det elektriske og sjølvkøyrande kontainerskipet Yara Birkeland dei skal bygge.

Yara Birkeland blir det første elektriske og sjølvkøyrande kontainerskipet i verda. Skipet er designa av Herøy-verksemda Marin Teknikk.  Foto: Yara/Kongsberg Maritime.

Spanande – Det var veldig spanande å høyre meir om prosjektet. Eg har jo høyrt om det i fleire år. Det er veldig bra at nokon går i front, og lagar eit transportfartøy som både er fullt batteridrive, og autonomt samstundes. Dette er eit ambisiøst prosjekt som det blir spanande å følgje vidare, sa kronprins Haakon om Yara Birkeland, under Zerokonferansen onsdag kveld. Her ser ein skipet i monteret i front.  Foto: Yara.

Næringsliv

Yara Birkeland er det første elektriske og sjølvkøyrande kontainerskipet i verda. Det skal sjøsetjast i første kvartal 2020 og vera i autonom drift frå 2022, heiter det i ei pressemelding frå miljøstiftinga Zero.

Miljøstiftinga står saman med NHO og NTNU bak prisen som blei delt ut under Zerokonferansen onsdag kveld.

– Norsk maritim bransje, med Yara Birkeland i spissen, gjev ny optimisme for utsleppsfrie løysingar til sjøs. Vi treng aktørar som går føre med utsleppsfrie løysingar, slik at styresmaktene og andre aktørar må følgja opp, seier Marius Holm, leiar i Miljøstiftinga Zero.

Det er Herøy-verksemda Marin Teknikk som har designa skipet.


Marin Teknikk har designa modell av sjølvkøyrande elektrisk skip

Skal spare miljøet for 40.000 lastebilturar årleg

 

Prestisjefylt kontrakt til Marin Teknikk

Skal designe verdas første autonome nullutslepps containerskip.