Takksame for å vere på plass ved Ulstein Verft – i tid til bygginga av Color Hybrid:

– Dette er noko ein kan fortelje barnebarna om

Trond Ihle og Margit Nesset er høvesvis tilsett på ny og nytilsett ved Ulstein Verft, som følgje av omfattande rekruttering til prosjekta som tek til ved verftet denne vinteren.

– Gler oss Margit Nesset og Trond Ihle er begge i gang med arbeidet med Ulstein Verft - ho som nytilsett, og han etter fire år utanfor verftsportane. – Vi gler oss veldig til å ta fatt på mange spanande oppgåver, seier dei to.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Skroget til verdas største plug-in hybridskip, Color Hybrid, ligg no klart ved kaia på Ulstein Verft, etter at det kom fram tysdag kveld – nesten eitt døgn før tida. Og nettopp difor har verftet dei siste månadane førebudd seg grundig. Denne veka hadde rundt 30 tilsette introduksjonsdag på sin nye arbeidsplass, medan mange andre er tilbake i jobb på sin tidlegare arbeidsstad, etter noko tid ute.