Ronald Dyrhol over i ny rolle i Hareid Group:

Dyrhol går av - Halkjelsvik blir ny konsernsjef

- Etter ni år i sjefsstolen, er det no på tide å sleppe til nye krefter, seier Dyrhol.

Øyvind Halkjelsvik er konstituert som ny konsernsjef i Hareid Group.  Foto: Hareid Group.

Ronald Dyrhol trekkjer seg tilbake frå stillinga som konsernsjef, og ønskjer ei anna rolle i konsernet. Øyvind Halkjelsvik er konstiuert som ny konsernsjef, melder Hareid Group.  Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll/Arkiv.

Næringsliv

Ronald Dyrhol har gitt styret i Hareid Elektriske AS beskjed om at han ønskjer å ha ei anna rolle i konsernet enn konsernsjef-stillinga.

- Sidan eg starta i selskapet for 31 år sidan, har vi gått gjennom ei fantastisk utvikling. Vi er no om lag 690 tilsette og omset for over ein milliard kroner i året. Ein slik vekst krev omstilling og kontinuerleg utvikling, og eg føler no behov for å ta eit steg til sides og bidra i ei anna rolle i konsernet.

- Vi respekterer avgjerda Ronald har teke om å tre til sides, seier styreleiar Bjørn Bjåstad.

- Ronald har vore ein viktig del av den suksessen vi har hatt i Hareid Group, og vi er svært glade for at han blir med oss vidare og framleis ønskjer å bidra med sin kompetanse og lange erfaring. Vi er takksame for den innsatsen han har lagt ned for selskapet gjennom mange år, og ser fram til det vidare samarbeidet.

Styret i Hareid Elektriske AS har konstituert Øyvind Halkjelsvik som konsernsjef.

Halkjelsvik kom til Hareid Group i oktober - då som direktør for HR og organisasjonsutvikling, etter å ha arbeidd i Rolls-Royce Marine sidan 2002.

Hareid Group har om lag 690 tilsette i tre land, og har som kjent hovudkontor på Hareid.