Ulstein kommune på jakt etter ny rådmann:

- Synd lokale rekrutteringsaktørar ikkje blir spurde

Ulstein kommune leitar etter ny rådmann, men har ikkje innhenta tilbod frå lokale rekrutteringsaktørar. Dagleg leiar i Fosnavåg-baserte Verto meiner også lokale selskap kunne vore involvert.

Henning Karlsen, dagleg leiar og eigar av det Fosnavåg-baserte rekrutteringsselskapet Verto.  Foto: Verto.

Næringsliv

Ulstein kommune har signalisert at dei skal nytte kring 250.000 kroner på å finne ny rådmann etter Einar Vik Arset som blir direktør for Kystverket, og at tilbod blei innhenta frå tre rekrutteringsselskap, Headvisor, Mercuri Urval og Amrop Delphi. Ingen av dei er lokale, men nasjonale og internasjonale.



Ulstein formannskap gjekk inn for å løyve desse pengane til arbeidet under møtet tysdag.