– Dette var kjekt!

Næringsliv

– Dette var kjekt, sa konsernleiar i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, etter at verftsdirektør Kristian Sætre hadde ønskt representantar frå leverandørar, reiarlag og verft velkomne til avspark for «Color Hybrid»-prosjektet.

Sist veke kom skroget til det som skal bli verdast største plug-in hybridferje til Ulstein verft, etter å å ha blitt slept frå Crist-verftet i Gdynia i Polen. Det er allereie lagt ned tusenvis av arbeidstimar i prosjektet og Ulstein understreka at det også vil verte eit omfattande og krevjande arbeid å ferdigstille skipet.