Har heiltidsjobb med verdas lengste flytebru:

Smart løysing for flytebru på E39 gir nye jobbar

Nystarta Ulsteinvik-selskap har fullt opp å gjere med å finne ut korleis ein kan lage verdas største flytebru på E39 best og billigast mogleg.

Nysatsing Tore Roppen og dei andre i Prodtex skal mellom anna jobbe med å lage ein digital tvilling av ein automatisert stålfabrikk, slik at ein kan rekne ut kostnader og tidsbruk. Det nystarta selskapet som held til på sjøsida i Ulsteinvik, er åtte tilsette i dag og snart kjem to nye tilsette.   Foto: Marius Rosbach/Sunnmørsposten.

Næringsliv

(Sunnmørsposten): Frå årsskiftet vil kring ti ingeniørar i selskapet Prodtex vere full opptekne med å finne ut korleis den enorme flytebrua over Bjørnafjorden på E39 i Hordaland bør byggjast.

Ulsteinvik-selskapet starta opp tidlegare i år, med tidlegare Kleven-topp Tore Roppen som dagleg leiar. Dei er med i ei uavhengig prosjekteringsgruppe som skal greie ut fjordkryssinga.